En drøm for mange, og samtidig en sær følelse å eige en 10 meter lang seilbåt i en alder av 27 år. Det kjennes litt ut som vi starta
i feil ende. Båt først – så hus. Men poenget var jo at båten skulle vere huset, og det var grunnen til at vi hadde ein seilbåt disponibelt for sommeren. Lange arbeidsdagar gjorde at vi for det meste måtte nyte synet av skuta i vika på avstand. Men nokre dagar fekk vi testa seila, og utforska fjordane frå midten – og oppover mot rekkene av taggete fjell. Ein gong var vi på god vei inn i Hjørundfjorden. Kartet kunne kvile i fred, med stupbratte fjell på begge sider var det ingen fare for skjær. Vi brukte tida på nyte den spake sommervarmen. Vi la igjen fotokameraet på land denne dagen, dessverre.
Men då vi tok en rundtur via Ulsteinvik og Sandsøya og tilbake knipsa vi en del bilder.
Dette er etter passeringa av brua over Dragsundet. Vi er letta over at masta ikkje var for høg for brua. Det er alltid spennande å passere under ei bru med ei 14 meter høg mast. Sjølv om brua er dobbelt så høg så ser det ikkje slik ut når vi seiler under.
Dette bildet er frå overnattingsplassen, en freda plett ved ei øy ikkje så langt frå Ultseinvik.
Sandsøya har den romsligaste havna eg nokon gong har sett. Her slepp ein å tenke på faren for å kome borti andre båtar. I løpet av tida vi var der tok vi en bedre middag ombord, og fekk besøk frå ein
lokal fiskar som tenkte på å kjøpe seg seilbåt. Han hadde beundra båten frå stovevinduet, og tok turen for å sjå nærmare på båten. At nokon skryt av båten er jo alltid kjekt.
På veg heilt heim fekk vi igjen testa seila, og fotograf Svein kretsa rundt seilbåten med snekka og knipsa bilder. Kjekt å sjå meir av “andre sida av fjorden”.







Vi bur på land no. Ein kombinasjon av fleire ting som ikkje fungerte i båten, for eksempel septiktanken, gjorde at det vart for tungvint. At vi har forlatt skuta, om enn ikkje synkande, kjem kanskje som eit sjokk. Men vi fann ut vi vil overvintre på land, og prøve lykka i båten til våren igjen. Då vi henta ting i båten – og lot den ligge åleine igjen på havna – kjentes det faktisk ut som vi lot båten i stikken. Men vi kjem tilbake, trur vi.







